← Alle dagbøker
tulla
58 år178 cm50 innlegg
2001–2002
0 følgere
Start159,0 kg
Sist124,3 kg
Endring−34,7 kg
BMI nå39,2
📉 Ned 30+ kg📓 50+ innlegg🕰️ 1+ år i dagboka
👋
Er dette din gamle dagbok?
Kapre den med det gamle aliaset og passordet, og fortsett der du slapp.
Kapre dagboka 23. august 2002
😌124,3 kgLitt ned...
Herleg å sjå at vekta går nedover. No har eg vore flink og ikkje vege meg så ofte, skal prøve å gjere det berre ein dag i veka. Blir litt "hekta" på vekta, det er ikkje så bra! Har vore flink denne veka, desto kjekkare med positive tall når eg har vegedag!
Elles så er livet bra, sola skin, eg har vore på sykkeltur for første gong på 10 (?) år, saman med ungane. Koseleg.
Ha det bra, alle "mann"
Berre registrerer vekta i dag :-))
Hipp hurra, dette var moro!!
Nye joggesko!!
Heisann
No har eg kjøpt meg nye joggesko, "jomfrutur" i dag. Det var herleg. Har hatt nokre ubrukelege sko ei stund i sommar, merkar at det slit på hofter og kne når ikkje skotøyet er i orden.
Vekta går litt opp og ned, men i det lange løp går det nedover, heldigvis. Ligg og vippar på -40, det hadde vore flott å komme seg under der for godt. Det skal nok skje, no skal det trimmast litt oftare enn før, og då blir det vel fart i sakene ;-)
Klems, Tulla
Hurra
Jippi, endeleg -40 kg!!!
Gjett om eg er glad.
No går det litt tregt....
...tykkjer eg!
Etter at eg var 126,5 for nokre veker sidan, har eg ikkje klart å gå ned meir, vekta har svinga opp og ned, men aldri under den magiske grensa (- 40 kg).
Det har nok samanheng med at eg ikkje er flink nok til å trene aktivt. Eg er veldig aktiv om dagane, i forhold til kva eg var før, i dag har eg t.d. plukka bær, både i skogen og i hagen, sylta dei, vore med ungane m.m. Har ikkje sete på baken meir enn til måltida!
Eg er altså ganske aktiv i det daglege, men det blir lite med skikkeleg trening, og ein forbrenn vel ganske mykje meir med trening enn ved bærplukking! Eg har bestemt meg for å prøve å gå tur kvar dag, skal på kontroll til kirurgen om 2 veker, og har lyst til å gå ned meir enn eg har gjort sidan sist. Det er ca. 5 kilo no, hadde vore greit med eit par til.
Huff, dette vart visst veldig rotete skrive, eg er visst litt stressa no. Elles så har eg det bra om dagen, får masse koselege kompliment om vektnedgangen, det er så herleg :-)
Ha det bra, alle saman.
Nedover...
Jippi....no nærmar det seg -40 kg!!! Gjett om eg er glad!
No kjem eg snart inn i brudekjolen min igjen..... ikkje at den skal brukast, men..... det er no litt stas. Det er 9 år sidan eg passa inn i den, har vel såvidt vore innom denne vekta nokre gonger i løpet av desse åra, men alltid veldig korte periodar, før eg har "foke" opp igjen!!!!
Stor kos frå
Tulla
Sakte men sikkert....
Det går litt nedover, sakte men sikkert. Det er berre herleg. Sjølv om det ikkje går så fort nedover, merkast det godt, både på form og klede. Eg har gått ned 5 kg. på to månader, ikkje så mykje, men altså nok til at eg merkar det godt.
Den operasjonen er det beste eg har gjort for meg sjølv nokon gong... eg er så glad at eg ikkje er blant dei som står på venteliste no!
Ha ein fin dag i regnværet...
Klem frå Tulla
På stedet hvil...
No har det gått to veker utan at det har skjedd noko særleg med vekta mi. Det ser ut til å vere eit visst mønster her, nokre veker utan at eg går ned, så eit jafs der det forsvinn 1,5 - 3 kg. på ei veke, så stopp igjen.
Det er no berre å prøve å trene litt meir, det er ikkje alltid eg er like flink med det. Turar med vogn, som eg (og junior)likte så godt før, er ikkje like populært no lenger. Det er mildt sagt pyton å sitte i ro så lenge, og så kan han ikkje sove lenger enn 30 minutt, elles blir det "Texas" om kvelden.... det blir meir styr enn moro med dei turane no. Dei blir iallefall kortare enn dei burde blitt!
Hurra!!!
Sola skin og vekta går nedover.....kan vi ha det betre??
Stor solkos til alle frå
Tulla
Omtrent uforandra
Ei kjapp oppdatering på vekta. Etter nesten 2 kg. ned forrige veke, kan eg vel ikkje forvente at det skal skje så mykje denne veka. Det gjorde det heller ikkje. Eg må innrømme at eg kunne ha trimma meir, òg. Det blir liksom aldri tid nok til alt som skal gjerast, men.... det handlar nok om prioriteringar. Bør kunne ta ein tur om kvelden etter at gubben er komen heim frå jobb! Det gjer så godt, både for kropp og sjel.
Klem til alle frå
Tulla
Yes....
Endeleg under 130 kg. Hurra!!!!!
Hmm...
Det er tydeleg at eg er forbi dei månadene der vekta går fortast ned, ja! No har eg stått pinn i ro i fleire veker. Må innrømme at det har blitt lita tid til skikkelege trimturar, har vore masse i aktivitet med fjøs, ungar, husarbeid, hagearbeid.... men det blir ikkje det samme som ein skikkeleg tur med vogna (det er min form for trening...koseleg og effektivt)
No er det begynt å bli litt rolegare dagar her heime, så no må det bli meir trimming. Då får vi sjå om vekta flyttar på seg òg.
På ein måte er det litt godt med ein pause òg, føler at eg trent litt tid til å "nå igjen" kroppen min. Eg er ikkje heilt klar over kor mykje eg allereie har forandra meg. Når eg skal finne klede i skapet, og det er noko eg ikkje har brukt på lenge, trur eg at det er for lite.... men som regel passar det når eg prøver det, har til og med opplevd at klede som eg ikkje har brukt på lenge er i største laget når eg tek dei på meg..... Det er flott, det!!
Ha ei fin veke, folkens...
Tulla

Heisann
Ei ny "grense" nådd. Supert. Eg må innrømme at det går tregt med trimminga om dagen, men eg er jo masse i aktivitet likevel, det blir litt hagearbeid, litt springing etter minstemann på snart 2 år osv. Sit ikkje mykje i ro. Eg burde likevel bli flinkare å gå skikkelege turar, då aukar forbrenninga og kiloa renn fortare av.
Ha ein god dag, helsing
Tulla
Hurra
No er eg visst inne i ein god "stim". Det har gått bra nedover i ein periode no. Det er så herleg.
Eg føler meg av og til veldig slank..... men i går fekk eg nye bilder der eg var med, og eg såg jo at eg ikkje er så slank likevel..... men, det er iallefall stor forskjell frå dei "før-bilda" eg tok på sjukehuset dagen før operasjonen!
Ha ei fin helg, alle saman.
Hei igjen...
Ny oppdatering av vekta. Har ikkje vore så flink å trene i det siste, det har vore så dårleg vær..... (tam unnskyldning...).Har heller ikkje vore så flink inne på slankesidene den siste veka. Ser at det har vore snakk om å legge ned sidene, men at det vart unngått... puh, det var flott. Desse sidene har gitt meg masse inspirasjon og stå-på vilje i dei periodane eg har brukt dei flittig, dei er kjempeviktige. Det er så godt å sjå at eg ikkje er åleine om dei problema eg har!
Ha det bra, alle...
Å endre vaner til en slik vektreduksjon krever masse. Jeg tar av meg hatten for slikt!!
Selv har jeg endret mine vaner også, minus 12 kg. Jeg gleder meg til å ta fatt på en ny høst der kiloene skal av. En etter en.
Jeg er ny på disse sidene, så det var morro å lese om dere andre som klarer det jeg vil klare!
Stå på dette klarer vi i sammen!!
Tin
Lykke til med neste ukes utfordringer.
Klem fra Jojoen