← Alle dagbøker
diarist.Alias

Hydra

59 år180 cm56 innlegg 2001–2002 0 følgere

Start95,0 kg
Sist85,0 kg
Endring−10,0 kg
BMI nå26,2
📉 Ned 10+ kg📓 50+ innlegg🔥 7 dager på rad🕰️ 1+ år i dagboka
Er dette din gamle dagbok? Kapre den med det gamle aliaset og passordet, og fortsett der du slapp.
Kapre dagboka
3. februar 200128. august 2002
85,0 kg

Vekta mi er øydelagt

.. så eg aner ikkje kva eg veg, men buksene for små etter sommaren.
Eg slit verkleg, et alt for masse alt for ofte, ikkje er det særleg sunne ting eg stappar i meg heller.

Håper eg skal kome meg på rett kjøl att, i dag har eg ete ei halv brødskive med masse cottage cheese og eit eple til frokost, pluss litt juice og ein caffelatte (på lettmjølk). Har ein halvliter vatn ståande framfor meg, må bli flinkare til å drikke også.

Oppdatering utpå dagen:
mellommåltid: to mandariner + ei pære
lunsj:kyllingsalat, litt loff, to mandariner
mellom: "New energy"-sjokolade :-(

Foreløptig energireknskap: ca 850 kcal, eg må altså pønske ut ein mager middag og vere flink i kveld...

82,4 kg

Raud lacryl er veldig godt

Gårdagen gjekk merkeleg bra. Bortsett frå vaflane... Til middag åt eg masse lettsalta torsk og tomat-lauk-basilikumsalat, med olivenolje. Nydeleg!

I dag bestod frokosten av tre store glas vatn, salat av grapefrukt, cottage cheese og valnøtter, det er ein favoritt. I veska har eg to gulrøter, ein stor salat av avokado, krepsehalar, diverse grønsaker og chili med olivenolje, og ein lettyoghurt. Til middag blir det heimelaga pasta og salat, kanskje eit lite glas vin.

Vanlegvis syklar eg på jobb, men det er både kort veg og nedoverbakke, så trening er det ikkje. Men i dag gjekk eg og tok samtidig ein omveg, fekk nesten ein halvtimes rask tur på den måten. No skal eg fylle opp eitpar halvliterflasker med vatn, så hugsar eg å drikke godt før lunsj.

Har framleis ikkje vore på vekta, ventar til måndagen trur eg.
😢82,4 kg

Junimålet når eg ikkje

Har ikkje vege meg på ei stund. Trur ikkje vekta over er heilt feil, har ikkje skeia heilt ut heller. Men eg slit litt med å vere fornuftig i høve til mat. Det er rart korleis psyken klarer å lure kroppen, kvifor får ein så LYST på ting ein eigentleg ikkje vil ete? Kva slags mekanismer er det som gjer at ein ikkje klarer å gjere det ein eigentleg vil, men heller stappar seg full av mat? Eg forstår det rett og slett ikkje :-(

Nuvel, ein må ikkje gje seg, eg skal vente til neste måndag med å vege meg, fram til då prøver eg å vere flink att.

I dag:
frokost: eitt glas juice, litt branflakes med skumma mjølk.
lunsj: to skiver med skinke og avokado, caffelatte (kafevarianten, sikkert laga på H-mjølk...)
mellom: ei grapefrukt, halvanna vaffelplate *kremt*
middag: masse kokt torsk, grønsaker
kveld: yoghurt?

Kva blir dette da tru, slik omtrent ... 1300kcal?!

Har ikkje bevega meg seriøs på lenge, kanskje eg skal prøve ein sykkeltur i kveld...
82,4 kg

Oppsann,

..her har eg nok ikkje passa godt nok på! I gårkveld kasta matlysta seg over meg, det var så uvand at eg lot meg overtale til både den eine og den andre godbiten. Kalde pølser rett frå kjøleskåpet f.eks.

Må få orden på maten.

Frokost i dag: 2 knekkebrød med magerost
mellom: eitpar gulrøter
lunsj: salat med ost-skinke-makaroni, litt loff
mellom: meir gulrot
middag: ??

Ei bukse eg er glad i, er ikkje trang lenger!
81,8 kg

Prøver å normalisere matinntaket att

Etter ei veke med unntakstilstand må eg prøve å normalisere matinntaket mitt. Siste veka har eg stort sett verken ete eller drikke, berre sove på sofaen. I helga har eg klart å drikke eindel, så eg håper at eg ikkje er utørka i alle fall. Utfordringa no blir å tvinge i seg mat, eg klarte eit halvt eple og nokre skeier cottage cheese til frokost. Blir kvalm av mat enda, penicillinen gjer det ikkje betre trur eg.
81,6 kg

Vektregistrering

Jammen går det fort nedover når ein ikkje et... :-(
82,2 kg

Vektregistrering

I dag har eg faktisk ete nesten normalt, er spent på om kroppen sug til seg væske og sprett opp to kilo i natt...
82,6 kg

Ingen matlyst

Eg har vore sjuk og utan matlyst nokre dagar, blir kvalm av det meste. Tvingar i meg litt frukt når eg er vaken, men godt er det ikkje. Ingen sak å gå ned på denne måten, men alt rasar vel på att når eg blir frisk og svolten igjen :-(
83,3 kg

Framleis sylta forkjøla

Eg forstår ikkje at eg har fortsett å gå ned i helga. Riktignok har eg ikkje ete avsindige mengder, men det har blitt eindel feite ostar, gåselever, vin, sjokolade og is... Men det er jo berre å takke og ta imot det.

Ynsker alle ei god slankevekek, og håper eg sjølv og ungane snart kviknar til så eg kjem meg på jobb att.
2 i heiagjengen
c.AuthorAlias Jojoen😃6. mai 2002
Hei Hydra :-)

Huff da.. det er tungt å slite med forkjølelse på våren, det henger i. Jeg er så glad for at jeg har sluppet unna hittil (bank i bordet)

Det er vel ikke så farlig med litt dilldallmat i en sådan situasjon, det tar du nok fint inn igjen. Husk at du skal ned på 80 1. juni. Det har du jo en fin mulighet for å klare.

Lykke til og god bedring.

Jojo-klem
c.AuthorAlias Niki😉6. mai 2002
Kroppen brubker vist mye energi på å bekjempe alle basseluskene så en kraftig forkjølelese kan tydeligvis hjelpe på når det gjelder vektnedgang. Har opplevd akkurat det samme som deg de siste dagene. Nå ser det imidlertid ut til at jeg har klart å slå elendigheten tilbake og det er jeg glad for selv om vektnedgangen jo må sies å være en hyggelig bonus :-)

God bedring!
Klem fra Niki
Bilde
83,5 kg

Så frykteleg..

..forkjøla, har vondt overalt og huet er tett.
Lurer verkeleg kva som skjer med kroppen min, har aldri før gått ned 2.5 kilo på under ei veke!
83,8 kg

Hagearbeid...

... er fin mosjon, så i går verken sykla eller gjekk eg tur, men spadde opp det som skal bli kjøkenhage. Og så er det så godt å vere ute om kvelden, i staden for å ligge i sofaen og sjå på tv.

Vekta raser nedover, eg forstår sjølvsagt at det ikkje er feitt som renn av meg om nettene for tida. Men det er veldig motiverande, og gjer at målet mitt om 80 kg innan 1. juni blir meir realistisk.

Eg følgde opplegget mitt til punkt og prikke i går, talde ikkje kaloriar men trur det var ok. I dag blir det litt verre, sidan eg ikkje fekk tid til å ta med lunsj. Då må eg kjøpe noko i kantina, og det er ikkje lett å finne låg-GI-mat der.
84,7 kg

Kort innpå....

... for å seie at her går alt etter oppskrifta.
1 i heiagjengen
c.AuthorAlias Fenrisulven2. mai 2002
AUUUUU, men jeg trengte det så absolutt. Desverre så ser det ut som om jeg kan trenge en skikkelig omgang med juling.
Avsluttet dagen i går med en stor mengde karameller...

Stå på du, jeg vingler videre.

Hilsen Fenrisulven

😄84,7 kg

Er så motivert

Gårdagen vart fullførd med stil og eleganse. Bevilga meg ei pølse til middag i strid med all GI-teori, gjorde det godt att med bønner inntil (mmmm, kokt med masse chili og kvitlauk) og store mengder råkost. Gjekk ein rask tur i fem kvarter om kvelden.

I dag er det jo fridag og blanke ark, eg synst faktisk det er lettare å slanke seg då. Åt min etterkvar standard frokost (frukt, cottage cheese, litt nøtter), plussa på eit ryvita med skinke og to koppar caffe latte. Det blir slik ca. 450 kcal, men så var det seint nok til å gjelde som lunsj også... Middagen er planlagt til laks, asparges, litt pasta og masse brokkoli. Innimellom blir det vel eindel gulrot og kanskje ei frukt og litt lettyoghurt.

Eg har dessutan sykla i dag, ein time på trimsykkelen. Det utgjorde visstnok 14,3 km, og 520 forbrente kalorier!

85,8 kg

Klarer eg 80 kilo 1.juni?

Første konkrete vektdelmål er spesifisert i overskrifta. Det er noko ambisiøst, men her må eg gå sterkt ut! 5.8 kg/30 dagar blir i underkant av 200 g per dag, i teorien bør det gå.

I dag åt eg ei halv grapefrukt, 50 g cottage cheese og 10 nøttar til frokost. (ca. 180 kcal)
Til lunsj har eg med ein omelett laga av 2 heile egg pluss to eggekviter, to skiver hamburgerrygg, masse paprika og purre og chili, stekt i 2 ts olivenolje. (ca. 300 kcal)
Som mellommåltid eit eple og ein lettyoghurt (140 kcal).
Til middag blir det stor grønsakwok, muligens tar eg ei pølse til (500 kcal).
Etter middag caffelatte (på skumma mjølk), 100 kcal.
I kveld ei frukt, 60 kcal.

------------> 1300 kcal.
2 i heiagjengen
c.AuthorAlias Minelli30. april 2002
Innsatsvilje og motivasjon er oversendt!

Det er fullt mulig å gå ned nesten 6 kilo innen 1. juni, men det betyr hardt arbeid! Følger du omtrent samme kosthold som ovenfor går det nok bra.

Lykke til! Det skader aldri å prøve!

Klem fra Minelli
c.AuthorAlias Lena30. april 2002
Flink du er ;-)
86,0 kg

Då er vi i gang!

Her er det altså på'an igjen. Eg har fleire delmål:
1) Droppe godteri som ikkje er planlagt
2) Ete mindre av det meste
3) Ete mest mogeleg "Lindbergsk"
4) Bli slank!

I dag åt eg til frokost: fruktsalat av appelsin, eple, pære (tilsaman 1 frukt), 10 valnøttar og 50 g. cottage cheese.
Lunsj: middagsrestar frå søndag: rådyrkjøt, grønsaker, melon og bittelitt lett-kvitost til dessert.
Middag: masse kokt torsk, masse tomatsaus (heimelaga av tomat, gulrot, lauk, krydder og kvitlauk), 2-3 ts pesto.
Kvelds: 1 eple, 8-10 nøtter.
Litt ekstra innimellom: to sjokoladebitar (på jobb, kunne ikkje seie nei... ;-) ), 4 pakker lacryl.
Drakk mykje vatn.

Alt i alt svært fornøyd! Har ikkje telt kalorier, men trur det må vere ok. Det går heilt fint å ligge unna brød og poteter, er kjempefornøyd med det.
Noe gikk galt. Last inn på nytt 🗙

Rejoining the server...

Rejoin failed... trying again in seconds.

Failed to rejoin.
Please retry or reload the page.

The session has been paused by the server.

Failed to resume the session.
Please retry or reload the page.