← Alle dagbøker
Elin
61 år165 cm7 innlegg
2002
0 følgere
Start64,8 kg
Sist61,6 kg
Endring−3,2 kg
BMI nå22,6
👋
Er dette din gamle dagbok?
Kapre den med det gamle aliaset og passordet, og fortsett der du slapp.
Kapre dagboka det held seg bra
Det er ferie, og det er vanskeleg. Hadde ein lang fjelltur på måndag, og det var godt. Ellers har det vore kjempevær nokre dagar nå, og det betyr slåtten og raking. Fin trim det. Har ete litt meir enn vanleg, men det får stå til i desse sommartider.
ja-ja
det går fortsatt ganske bra. Går seinare nå, eg slit med motivasjon for å gå ned meir. Får nå på meg alle buksene i skåpet, og det var vel det som var målet i utgangpunktet.
Men, men , det går i alle fall nedover.
fornøgd
63.2, det er bra. Stod med vedkløyvaren i heile gå, og det gjorde visst godt, nesten synd å vera ferdig. Menyen i dag har ikkje vore heilt som vanleg, hadde glømt å ta opp brød, så til frokost blei det 2 sesam-knekkebrød med baconost mellom, ei brødskive med molter på til lunch, litt for mykje middag, eit og eit halvt jordeple og to heimlaga karbonadar med kålstuing.
To små bitar melon til kvelds. Og så har eg ete 4 kyllingvingar i dag - kor mange kaloriar er det i dei tru??
Men eg sto over desserten !!
Eg visste det...
Pølser, sjokolade, brus..... eg vil ikkje betre ha det.
Skulle ikkje gått på vekta i dag tidleg, men eg må liksom bare.. Vel, vel, det er bare å skjerpe seg.
Veit ikkje heilt kor lenge eg skal halde på med dette, men det hadde vore moro å kome ned på 60 kg, der har eg ikkje vore sidan før eg fekk ungane, og nå er den eldste 7 år.
EG KLARER DET !!
greit nok
Det er ettermiddag, og eg har akkurat ete 2 stk RugSprø med ost i mellom, skikkeleg dobbeldekker. Til kvelden ser det ut til å bli St.Hans på forskudd, så då blir det vel svartsvidd pølse i brød, det er nå egentleg ikkje sååå veldig godt....
Det har gått bra
Det går rette vegen, til tross for skuleavslutning med grilling og marshmallows. Nå står helga for tur, det er St.Hans, ny grillkveld på måndag, dessuten får eg mensen - så nå er målet å halde seg på 64.2 nokre dagar , og ikkje gå altfor mykje andre vegen.
Start på dagboka
slankekuren starta rett etter påske, då vog eg 73.4 kg, så egentleg er eg ganske fornøgd med meg sjølv. Er likevel inne i ein litt lei periode nå, så kanskje dette hejlper meg vidare på vegen.....
Jeg har tenkt til å holde slanke-konkuranse for oss på 60-tallet.
Jeg foreslår veiedag på torsdager fremover...
Noen som er med?
Slankeklem Aasalill! =)